Vårt program 2023-2027

Sterkare fellesskap i Sunnfjord

Tryggleik, moglegheiter og fellesskap

Sunnfjord er ein fantastisk plass å bu. Vi har flinke folk, vakker natur, eit rikt kulturtilbod og blant dei besteoppvekstvilkåra i landet.

Sunnfjord Arbeidarparti går til val på ein politikk som vil gjere Sunnfjord rusta for framtida òg. Vi vil styrke velferdstenestene, legge til rette for gode arbeidsplassar, og investere i utdanning og kompetanse. Saman kan vi gjere Sunnfjord sterkare.

Helse- og omsorg

  • Vi vil investere i eldrebustadar og sjukeheimsplassar for å møte ein stor vekst i tal eldre i kommunen, samt gjere investeringar som kan bidra til å gjere arbeids-kvardagen enklare, betre og trivelegare både for tilsette og pleietrengande.
  • Vi vil auke grunnbemanninga i institusjonane og nytterett kompetanse på rett stad.

Barn og unge

  • Vi ynskjar at alle skal ha tilgang på barnehageplass når dei treng det, med fleire opptak i året.
  • Vi vil arbeide for naudsynt bemanning og kompetanse i barnehagene og skulane.
  • Vi vil investere i barn og unge gjennom tilpassa opplæring.

Arbeid og næring

  • Sunnfjord kommune skal stå fram som ein næringsintensiv kommune og eit naturleg fyrsteval fornæringsverksemnd i regionen.
  • Vi vil satse på grøne arbeidsplassar og grøn omstilling.
  • Vi vil legge til rette for at flest mogeleg arbeidsplassarpå Engebø vert drive av lokale eller regionaleverksemder, og arbeide for å minimere restmineral og nytte dei til andre formål.
  • Vi vil arbeide for at Sunnfjord utviklar seg til eitlandbrukssenter i Vestland fylke.
  • Vi vil arbeide for å få Nasjonalt senter for yrkesfag til Sunnfjord.

Samferdsel

  • Vi vil jobbe for realisering av Hafstadfjelltunellen og tunnel på rv. 5 mellom Naustdal og Førde.
  • Vi vil arbeide for at Sunnfjord skal ha omkjøringsvegar av omsyn til beredskap eller andre spesielle omsyn.
  • Vi vil arbeide for å styrke busstilbodet, med hyppigare avgangar på bybussen i Førde og mellom dei lokale sentra.
  • Vi vil arbeide for ei heilskapeleg parkeringsordning i Førde saman med dei næringsdrivande, med parkering i fjell på sørsida av Jølstra.

By- og bygdeutvikling

  • Vi vil arbeide for å styrke Førde som eit kraftfultsentrum og ein pulserande by, slik at det vert ein motorfor utvikling i heile kommunen.
  • Vi vil arbeide for at dei lokale sentra skal vere attraktive område både for næringsverksemd og forfastbuande.

Sjå heile programmet i vedlagt dokument.