Vil du påverke politikken? Bli med på verkstad om programframlegget onsdag 6. november!
Samspel – innspel – innsikt
Onsdag 6. november kl. 18 – 19:30 arrangerer styret verkstad om programframlegget til Arbeiderpartiet. Møtet vert i Sunnfjordsalen på Rådhuset. Målet er å verte meir kjende med programmet, og kanskje også med andre medlemmer. Om vi finn å ønskje endringar eller tillegg i programframlegget, vert det og høve til det.
Arbeidsmåten vår er tenkt slik at dei møtande har meldt seg på, og meldt inn kva del av programmet dei ønskjer å arbeide mest med på førehand. Så presenterer vi kva vår del, kva som skjer vidare i prosessen vil syne seg då. Tanken er at når fleire arbeider med dette, vert det fleire perspektiv og meir innsikt.
(Programframlegget har 6 hovuddeler, sjå her for detaljer: https://www.arbeiderpartiet.no/om/program/ )
- Del 1: Arbeid og økonomi
- Del 2: Bedre velferd i hele landet
- Del 3: Trygghet i urolige tider
- Del 4: Energi, klima og natur
- Del 5: Gode steder i endring
- Del 6: En tryggere og mer rettferdig verden
Etter dette møtet, kl.20, vert det nytt møte med val av utsendingar til nominasjonsmøte for stortingsvalet.
Om du ynskjer å vere med på verkstaden, send e-post til [email protected] med kopi til [email protected] innan laurdag 2. nov. kl. 24.
Meld samstundes frå kva du vil presentere/ arbeide mest med, send det som vedlegg.
Ta gjerne med eigen pc til møtet om det kan syne seg nyttig.
Frist: Laurdag 2. nov. kl. 24
Link til programforslaget: https://www.arbeiderpartiet.no/om/program/
For styret:
Liv Horvei og Laila Oppedal