Valliste og program 2023-2027

Sunnfjord Arbeidarparti heldt medlemsmøte tysdag den 6. desember for å nominere kandidatar til kommande val. Møtet blei halde på Førdehuset, og det var ei lun og god stemning blant dei frammøtte medlemmene.

Før medlemsmøtet for å nominere kandidatar til neste års val var det eit medlemsmøte om kommunebudsjettet. Helge Robert gjorde greie for dei utfordringane Sunnfjord kommune står ovanfor med dagens politiske fleirtalskoalisjon, mellom anna ein framtidig akutt mangel på plassar innan pleie og omsorg. Her må det gjerast grep med dei framskrivingane som ligg til grunn. Her er ikkje dei andre partia sitt ansvar bevisst. I den samanheng er det òg eit behov for å prioritere Frisksenteret i Naustdal. Behovet der er akutt, og låg som ein lovnad i samband med kommunesamanslåinga.

Etter kvart blei møteleiinga gitt til leiar i nominasjonsnemnda, Harald Bjarte Reite. Nemnda har gjort ein knallgod jobb og fått på beina ei sterk, inkluderande og mangfaldig liste. Ein av utfordringa var tal på kumulerte kandidatar. Grunna fyrstekandidatens (Henrik) manglande lokalpolitisk erfaring var tilrådinga at ein kumulerte fire kandidatar for å skape eit godt samansett lag. I tillegg la Henrik fram eit forslag til medlemsmøte om å vurdere ei ytterlegare kumulering for å sikre AUF ein plass. Det er mange rutinerte og engasjerte medlemmer som er kandidatar, og det var ein livleg debatt om forslaget. Til slutt blei det nedstemt då ein ikkje ynskja å øydelegge motivasjonen til dei øvrige på lista ved at det reelt sett vart få plassar igjen å kjempe om. Det vart òg gjort merksam på at for mange kumulasjonar ikkje er ein ynskjeleg trend å halde fram med, men at nominasjonsnemnda i dette døme hadde gjort ei god vurdering.

Etter grundig diskusjon blei framlegget til nominasjonsnemnda og alle kandidatane vedteke ved akklamasjon.Møtet viste at Sunnfjord Ap har mange dyktige og engasjerte medlemmer som er opptekne av å føre partiet sine verdiar vidare i politikken. Det er god og solid oppslutning om å sikre gode helse- og omsorgstenester, eit trygt og godt arbeidsliv, og gode velferdstenester. Møtet gav forhåpentlegvis dei øvrige medlemmene òg ei god kjensle av å vere ein del av eit politisk fellesskap som kjempar for dei same verdiane. No har vi makt sentralt, då treng vi makt lokalt òg for sikre den best moglege samfunnsutvikling til det beste for heile Sunnfjord kommune.Neste punkt på programmet er årsmøtet som er 7. februar der mellom anna Tonje Brenna er gjest. Vi oppmoda alle til å lage forslag til fråsegn slik at vi kan ha engasjerande debattar og gode idear og føre fram både lokalt og sentralt. Om du lurer på korleis ein gjer det eller berre har ein god idè eller innspel so nøl ikkje med å ta kontakt. Du kan utgjere ein forskjell! 

Helsing Henrik