Vårt program for 2020-2023
Sterkare fellesskap i Sunnfjord
Sunnfjord Arbeidarparti er eit sosialdemokratisk parti tufta på verdiomgrepa fellesskap, likskap og solidaritet. Fellesløysingar gjev mest tryggleik og grunnlag for menneske til å utvikle evnene og forme framtida si.
Sunnfjord kommune skal vere eit ope, inkluderande og raust samfunn. Sentrum og distrikt, born, ungdom og eldre, menneske i alle aldrar, skal oppleve å høyre til og kunne delta i utviklinga av samfunnet. Innbyggjarane skal kunne halde på sin identitet som gaulværing, jølstring, naustedøl og førdianar, og i tillegg kjenne seg som fullverdige innbyggjarar av Sunnfjord kommune. Sunnfjord Arbeidarparti vil aktivt arbeide for å byggje ein felles identitet for innbyggjarane i den nye kommunen. Tenesteproduksjonen (helse, skule, barnehage, kultur) ligg i botnen og skal ha første prioritet ved bygging av den nye kommunen.Les programmet her: https://sunnfjord.arbeiderpartiet.no/politikken/