Sunnfjord AP har spart Førdepakken for over 100 millionar kroner!
Me fekk mykje kritikk i valkampen for at me tok «omkamp» på tiltak 1 i Førdepakken (bru mellom Hafstadparken og Førdehuset). Me meinte at alternativet som var presentert var alt for dårleg og alt for dyr, og no har vegvesenet føreslått eit T-kryss som liknar veldig på det Sunnfjord AP ønskte. Dette vert no hylla av nesten alle politikarar i Sunnfjord.
Me er strålande nøgde med at Vegvesenet og dei fleste politikarane i Sunnfjord stiller seg bak forslaget vårt til eit T-kryss ved Førdehuset som er mykje billigare enn alternative løysingar, er mykje mindre ruvande i terrenget, samtidig som det sparar store areal.
Takk til alle som har stått på i denne kampen, og takk til Vegvesenet som lytta og kom med eit forslag i tråd med Sunnfjord AP sine ønskjer. No kan vi nesten ikkje vente med å få dette vedtatt i kommunestyret, og få starta på bygginga.
Lenkje til artikkel i Firda: https://www.firda.no/slik-er-dei-nye-bruforslaga-ved-fordehuset/s/5-15-1640579