Regjeringa vil arbeide for eit meir aldersvennleg samfunn
Det er hovudbodskapen i Stortingsmelding 24 (2022-2023) Felleskap og meistring, som regjeringa la fram den 16. juni. Reforma har fire satsingsområde. Det er levande lokalsamfunn, tilpassa bustadtilbod, kompetente medarbeidarar og tryggheit for brukarar og støtte til pårørande.
Levande lokalsamfunn er nytt som eige satsingsområde sett i høve Leve heile livet- reforma. Dei andre satsingsområda byggjer mykje på det gode arbeidet kommunane er i gang med på grunnlag av Leve heile livet - reforma. Levande lokalsamfunn betyr i denne samanheng eit alders - og demensvennleg samfunn. Det betyr at dei eldre skal kunne leve gode sjølstendige liv så lenge som råd. Sjølv om ein ikkje treng helsehjelp, treng alle gode nabolag.
Det må arbeidast tverrsektorielt for eit meir aldersvennleg samfunn. For å delta i samfunnet er det viktig at eldre kjem seg rundt i nærmiljøet. Difor må vi samarbeide for å få til aldersvennleg transport.
Vår generasjon eldre får ofte opp til 20 funksjonsfriske år som pensjonistar. Vi må legge til rette for at dei eldre som kan, får bidra i samfunnet, både til glede for den enkelte, for nærmiljøet og for samfunnet.
Sunnfjord Arbeidarpartivedtok på årsmøtet i år ein resolusjon der vi føreslo tverrsektorielt kommunalt samarbeid til beste for eit meir aldersvennleg samfunn.
Eg siterer frå fråsegna: «Eit levande lokalsamfunn med tilgang på universelt utforma bustader, grunnleggande tenestetilbod, møteplassar, tilgang til kollektive transportmiddel, høve til å delta i frivillig arbeid….. Dette vil legge til rette for at seniorane får bruke ressursane sine lengst mogeleg, til beste for både dei sjølve og samfunnet. Med slike strukturar vil det bli mindre trong for personleg tilrettelagd hjelp.»
Reforma har og som mål eit meir demensvennleg samfunn. Talet personar med demens vil auke kraftig i åra som kjem. Regjeringa føreslår lågterskeltilbod for menneske med demens, auka bruk av demenskoordinator og dagtilbod for demenssjuke. Vidare vil regjeringa ha faste team i heimetenesta, noko som er ekstra viktig for personar med demens.
Sunnfjord Arbeidarparti føreslo under handsaming av økonomiplanen at det vert tilsett demenskoordinator i 100 % stilling tidlegare enn framlegget som låg inne i økonomiplanen for 2026. Kommunestyret vedtok framlegget samrøystes same dag som meldinga vart lagt fram.
Aktiv bustadpolitikkfor eldre er viktig for å jamne ut sosiale og geografiske skilnader. Ein eigna bustad er ein førestnad for å kunne bu heime. Regjeringa føreslår å opprette eit eige bustadprogram som skal bidra til at alle skal få tilgang til eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø. Bustadsosial handlingsplan for Sunnfjord kommune har og i seg punktet om eigna bustader for eldre. «Det er også viktig at vi legg til rette for at det kan vere høve til å leige leilegheiter sentralt i dei ulike tettstadane, både i Førde, i dei gamle kommunesentra og i dei mindre grendesentra. Dette kan vere eit tilbod både til eldre som ynskjer å flytte frå einebustaden sin, men også unge som ynskjer å busetje seg i dei mindregrendesentra.»
Personell er den viktigaste ressursen for å gje trygge og likeverdige omsorgstenester i heile landet. Opptrappingsplan for heiltid og effektiv organisering og oppgåvefordeling er punkt å arbeide med.
Admininstrasjonen i helse og omsorg i Sunnfjord kommune er godt i gang med dette arbeidet, og eg har full tillit til at dette vil halde fram i åra som kjem. Arbeiderpartiet har og fleire heiltidsstillingar som prioritert målsetting.
Henrik Nordal, leiar i Sunnfjord AP, tok opp på landsmøtet i partiet trong for investeringstilskot til kommunane. Det er svært gledeleg at det er blitt lytta til. Regjeringa vil sørge for investeringstilskot til kommunar for å sikre tilstrekkeleg med sjukeheimsplassar og heildøgns omsorgsplasser for dei som treng det.
Bu trygt heime - reforma har frå starten av vore eit samarbeid mellom 6 ulike departement, for å styrke den tverrsektorielle tilnærminga. Skal dette lykkast må staten ha sterkare styring og tilrettelegging enn tidlegare. Men også lokale politikarar må vere meir bevisste på å legge til rette for eit meir aldersvennleg samfunn, og ha både vilje og evne til å prioritere det som gagnar dei eldre.