Ope møte om norsk landbruk: Framtidsperspektiv - Matsikkerhet – forstår vi alvoret? Nils Harry Vagstad kjem!
Dato: onsdag 27. november 2024
KVA SKJER?
Sunnfjord AP, i samarbeid med Vestland Bondelag og Sunnfjord Bonde- og Småbrukarlag, inviterer til eit ope møte for alle som er interesserte i framtida til norsk landbruk. Ingen krav til politisk tilhøyrsle - alle er hjarteleg velkomne!
OM FOREDRAGSHALDAREN
Nils Harry Vagstad, opprinneleg frå Flekke og tidlegare direktør i NIBIO, deler sine tankar rundt landbruk, matsikkerheit, og utfordringar for norsk sjølvberging. Vagstad har lang erfaring og innsikt i matproduksjon, miljøspørsmål, og betydninga av norsk distriktspolitikk. Han vil også diskutere korleis landbruket vårt kan stå sterkare i møte med framtidige utfordringar, som mattryggleik og berekraft.
KVA KAN DU FORVENTE?
Vagstad vil snakke om alt frå sjølvberging og beredskapslager, til bevaring av matjord og tryggleik i norsk matproduksjon. Kva betyr eit aktivt landbruk for samfunnssikkerheita? Korleis kan vi sikre at heile landet bidrar til berekraftig matproduksjon? Dette er tema vi kjem til å gå djupt inn på denne kvelden.
TID OG STAD
- Festsalen i Førdehuset
- Onsdag 27. november
- Kl. 18:00 - 19:45
SERVERING
Kaffipause med nysteikte vaflar og wienerstong!
Kom og bli med på ein viktig samtale om framtida til norsk landbruk! Alle er velkomne!
Arrangørar:
- Sunnfjord AP
- Vestland Bondelag
- Sunnfjord Bonde- og Småbrukarlag