Nytt frå Sunnfjord AP: Energipolitikk, statsrådbesøk, nominasjon, viktige saker i kommunestyret og rollebyte i kommunestyregruppa
September har vore ein særs aktiv månad i Sunnfjord Ap.
Den 11. september arrangerte styret møte om energi i concordbygget i Førde. Arild Horsevik hadde gjort stort planarbeid for å få til eit allsidig program. Der var Trygve Tamburstuen som snakka om ulike energikjelder, og korleis bruke energien vår på best mogeleg måte, med meir. Norsk kjernekraftv/ sjefsingeniør Steffen Oliver Sæle (frå Bygstad) presenterte selskapet og kva som er fordelen med kjernekraft. BKK nett var presentert ved strategisk rådgjevar Ann Mari Løberg Knutsen og seksjonsleiar Jens Skår. Dei fortalde om selskapet sine oppgåver, om prissetting og vedlikehald, osv. Det var godt frammøte, møtedeltakarane var aktive med spørsmål og kommentarar.
Veka etter var energiminister Terje Åsland på besøk. Også her var frammøtet godt, med stort engasjement i høve spørsmål og synspunkt. Tema for Terje Åsland sitt besøk var kraft og industri. Han framsette at vi treng meir energi, at vi må seie ja til konsekvensutgreiing, og at han vil stå beinhardt på kommunane sin rett til å ta avgjerd om dette i eigen kommune. Nokre av medlemmene sa seg samd i dette, andre framla at det er ikkje ynskjeleg i vår kommune med vindkraft, vi må sjå på andre energikjelder, som kjernekraft og vasskraft.
Sunnfjord Ap har og vore tilgodesett med fleire statsrådsbesøk, helseminister Jan Christian Vestre, kultur og likestillingsminister Lubna Jaffery, kommunal og moderniserings minister Erling Sande og Oddmund Hoel, minister for forsking og høgare utdanning Torbjørn Vereide har og vore aktiv på heimebane. Godt nytt for oss i Sunnfjord kan nemnast Vestlandslegen, som inneber at Førde vertstudiestad for medisinstudiet dei tre siste åra av studiet, og kulturministeren lova midlar til å sikre at vi får ferdigstilt magasin for Sunnfjord museum.
Nominasjonsprosessen til stortingsvalget er kome så langt at Torbjørn Vereide, som forventa, har fått 1. plass frå oss. Dette er vi sjølvsagt glade for. Prosessen legg opp til kommentarar til framlegget, og det kom forslag om at det vert arbeidd for at Sara - Marie Horsevik vert plassert inn på lista.
I kommunepolitikken har det vore fleire viktige saker. Vil her nemne val av tomt for ny institusjon foreldre, kvalitet og kompetanse i Sunnfjordbarnehagen, og retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldig drikke. Sjå meir på Sunnfjord kommune si heimeside.
Den mest uventa nyheita for oss i Sunnfjord Ap er likevel at Henrik Nordal melder at han vil søkje fritak for vervet som gruppeleiar og varaordførar. Han grunngjev det med auka arbeidspress i høve ny jobb, saman med å vere småbarnsfar vert det alltid for knapt med tid. Helge Robert Midtbø har sagt seg villig til å ta over, han har lang og god erfaring i Sunnfjordpolitikken. Endringa vil truleg tre ikraft i slutten av november. Vi ynskjer begge lykke til vidare.