Nominasjon val 2023
Vi går eit nytt spennande kommuneval i møte i 2023. Målet er at Sunnfjord Arbeidarparti på ny skal gjere eit godt val, og vere eit av dei leiande partia i kommunestyret. Nominasjonsnemda arbeider med å få fram dei beste kandidatane som skal vere laget som representere oss og partiet ved neste val og i kommande kommunestyreperiode. Skal vi få eit best mogleg grunnlag ønskjer vi i nominasjonsnemda innspel frå medlemmene i partiet, og du er med dette invitert til å komme med innspel til aktuell kandidatar. Det er fint viss du har tatt kontakt med den du vil foreslå før du sender forslaget til leiar for nominasjonsnemda Harald Bjarte Reite på epost [email protected] Frist er 25. september 2022 Det vidare prosessen er at nemnda legg fram første listeframlegg i veke 40. Kommentarar og tilbakemeldingar på denne må vi ha attende i løpet av oktober. Andre og siste listeframlegg før nominasjonsmøte blir lagt 10. november. Partiet vil så kalle inn til nominasjonsmøte når ein veit kortid partiprogrammet er klart.