Medlemsmøte torsdag 19.mai kl. 18: Energipolitikk

Hei! 

Som oppfølging av fokuset på energipolitikk denne våren blir det eit nytt medlemsmøte om dette torsdag den 19. mai kl 18 på Rådhuset i Førde. Temaet er framleis brennheit og eit av dei viktigaste i vår tid. I førre møte fekk vi høre Harald Kjelstad argumentere mot vindkraft på land og at behovet for ny kraft framover er mindre enn antatt. Denne gongen har vi invitert konsernsjef i Tafjord Kraft, Erik Espeseth, for å gje eit alternativt syn. Espeseth har, mellom anna, vore ute å argumentert for at det er naudsynt med meir kraftproduksjon i åra som kjem, og at ein må bygge ut meir vindkraft på land for å lykkast med det grøne skifte.   

Det blir ei spanande fortsetting av debatten!