God jul alle saman frå kommunestyregruppa!

Frå siste kommunestyremøte 2024

Det har vore ein spanande start på ny kommunestyreperiode. Noko av det fyrste vi måtte i gang med var Årsbudsjett 2024. I likskap med dei fleste hushaldningar i landet var handlingsrommet smalt som følgje av rentenivået og auka kostnadar. Det som var viktig for oss var å sikre framdrift på bygging av ny sjukeheim og trygg økonomisk styring slik at vi i framtida òg kan sikre kvalifiserte tilsette i barnehagane og skulene våre, auke grunnbemanning i institusjonene våre, støtte opp om idrett og frivilligheta vår, og hjelpe bedriftene våre å lykkast. No er budsjettet vedtatt av kommunestyret og det sikra ein god profil til tross for trange rammer.