Sunnfjord AP, avtroppende styreleder Siv Karin Hestad, ny styreleder Henrik Nordal, Næringsminister Jan Christian Vestre

Årsmøte med besøk av næringsministeren

Det vart held årsmøtet i Sunnfjord Arbeidarparti i Førdehuset onsdag 26.januar 2021. Stort frammøte med nær 50 engasjerte medlemmar trass pandemien.

Næringsminister, Jan Christian Vestre, hadde tatt turen til Førde, og fortalde engasjert om situasjonen i næringslivet og mulighetene framover. Det vart blant anna presentert korleis ein kan auke fastlandseksporten med 50% innan 2030 gjennom ein meir aktiv stat som vil legge for vekst, forenkling og nyskapning, og korleis ein kan nå klimamåla om 55% kutt i dei norske klimagassutsleppa.Stortingsrepresentanten, Torbjørn Vereide, ønskte årsmøte velkommen, og fortalde om mykje bra politisk arbeid, og ei stor tru på retninga den nye regjeringa har tatt.Det vart ein god debatt med Torbjørn Vereide og Jan Christian Vestre, med mange innspel og spørsmål fra salen. 

Mykje god politikk blei vedtatt på årsmøtet på temaer som strømpriser og kraftproduksjon, vegsikring og infrastruktur, næringsliv, landbruk og matsikkerhet, gruveindustri, skule, pensjon, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Det er kjekt å se at medlemmar i Sunnfjord Arbeidarparti spelar inn mange gode resolusjonar som styret vil sende videre til fylkestinggruppa og stortingsgruppa. 

Avslutningsvis vart det val. Styreleiar, Siv Karin Hestad, takkar for seg etter fleire års godt arbeid og Benedicte Fimland går ut som representant frå AUF i styret.Nytt styre i AP er:- Henrik Nordal (leiar)- Laila Oppedal (sekretær)- Arild Horsevik (kasserer)- Laila Tefre Dvergsdal- Håkon Myrvang- Liv Horvei- Andreas jr. Stokka- Helene Vejlskov Vie (nyvald kvinnepolitisk ansvarleg)- Ruth Olsen (nyvald representant frå AUF)

Bli kjend med politikarane her: Politikarar i Sunnfjord Arbeidarparti Vi takkar for eit flott årsmøte, og ser fram til eit godt politisk arbeid i 2022.

 

Sunnfjord AP, avtroppende styreleder Siv Karin Hestad, ny styreleder Henrik Nordal, Næringsminister Jan Christian Vestre

Besøk av Jan Christian Vestre. Siv Karin Hestad takka av som styreleiar i Sunnfjord AP,. Henrik Nordal vart ny styreleiar.

Jan Christian Vestre i Førde, Sunnfjord Arbeidarparti

Næringsministeren, Jan Christian Vestre, hadde mykje god arbeidarpartipolitikk på hjarte. Det vert ei spennande tid for norsk næringsliv.

Engasjert næringsminister Jan Christian Vestre i Førde (Sunnfjord Arbeidarparti)

Ein engasjerande næringsminister framfor eit stort publikum i Førdehuset

Stortingsrepresentant Torbjørn Vereide får blomar av styreleiar Siv Karin Hestad i Sunnfjord Arbeidarparti

Stortingsrepresentant, Torbjørn Vereide, hadde mykje bra politikk på hjartet. Her får han blomar frå avtroppande styreleiar i Sunnfjord Arbeidarparti, Siv Karin Hestad