1. listeframlegg valet 2023
Kjære medlem
No er spenninga løyst ut. 1. listeframlegg for Sunnfjord Arbeidarparti er klar, og vi presenterer ein solid kvartett på topp.
Henrik Nordal - Kari Valle – Håkon Myrvang og Sara-Marie Horsevik
Henrik er ny i kommunestyresamanheng, men har vore ein framifrå leiar for partiet dei siste åra. Han har elles ein variert bakgrunn både frå tillitsmannsarbeid og arbeidsliv.
For å sikre røynle og erfaring har vi vidare med:
Kari har lang røynsle frå kommunepolitikk og frivilleg arbeid.
Håkon kjenner vi alle med sine mange år på baken som ordførar i Naustdal og no som formannskapsmedlem i Sunnfjord
Sara-Marie har i noverande periode gjort ein god innsats som leiar for utval for omsorg og oppvekst.
På lista vil dere vidare sjå at vi har både nye og erfarne namn. Samla er dette etter nominasjonsnemda si meining ei liste som tek i vare den variasjonen som er i Sunnfjord kommune. Det vere seg likestilling, alderssamansetning, tilflyttarar frå både nær og fjern. Det er også ei liste som representerer heile kommunen.
Som sakt er dette 1. listeframlegg. Nominasjonsnemda ønskjer tilbakemelding på denne innan 13. november. Bruk då epost: [email protected]