Årsmøte Sunnfjord Ap 2024

Politisk verkstad og debatt

7. feb, kl. 18:00 — 21:30, Førdehuset
Kjersti talar til årsmøtet

Den 7. februar var det årsmøte i Sunnfjord Ap. Med 27 fråsegn som skulle handsamast og partisekretær Kjersti Stenseng som innleiar var det duka for politisk verkstad av ypparste sort.

Det er tydeleg at vi står ved eit skilje i tida, der utfordringar og moglegheiter står i skarp kontrast til kvarandre. Kjersti sin refleksjon om verdas krigsherja område, særleg i Ukraina og Gaza, understreka dette tydeleg. Det er ei påminning om dei harde realitetane som pregar så mange liv rundt om i verda. Midt i desse vanskelege tidene må vi halde fast ved håpet om ei betre framtid.

Framover må vårt fokus vere på helse og sikkerheit som grunnsteinar i samfunnet. Vi kan ikkje ignorere det faktum at fjoråret var prega av økonomisk uro og veksande forskjellar mellom folk. No står vi overfor ei tid prega av krig, krise og ein kostbar kvardag. Men i desse stundene er det nettopp viktig å søkje etter lyspunkt og moglegheiter som kan leie oss vidare.

Det er ei presserande oppgåve å redusere prisveksten, og gje vanleg folk betre råd. Den jobben er vi i gang med. Mellom anna har regjeringa auka barnetrygda, senka barnehageprisane og prisane på SFO. Men vi må òg forbetre pensjonssystemet slik at fleire kan stå i jobb lengre, og dei som ikkje har evne til det får ei rettvis og verdig fråtreding frå arbeidslivet. Vi må halde fram å opne dørene for ungdommane og gje dei høve til å komme seg ut i arbeidslivet. I regjeringsperioden har vanlege inntekter opplevd å få lågare skatt, men dette har ikkje folk opplevd som auka kjøpekraft grunna inflasjonen. Det er utfordrande.

Vårt inntektssystem må byggje tillit blant folket. Det er avgjerande at folk ser at politikken verkar og at det blir teke grep som gagnar samfunnet som heilskap. Her har heile partiet og alle politikarar på alle nivå ein jobb med å framsnakke det som har vore bra og som har fungert. Det kan vi med fordel blir betre på alle i hop.

Kvardagen utfordrar oss med for mykje skjermbruk, noko vi må ta på alvor og handtere på ein ansvarleg måte. Dette er ein av dei større samfunnsutfordringane i denne generasjonen. Her er Arbeidarpartiet i førarsete og tar grep.

Ein særleg viktig del av denne prosessen er å inkludere dei unge. Dei må vere ein sentral del av det politiske arbeidet vårt. Det er viktig å engasjere LO-medlemmer og å styrkje organisasjon vår ved å inkludere fleire, skolere fleire, og verve nye medlemmer. Debattheftet om det faglig-politiske samarbeidet som nett er sendt ut, markerer starten på ein viktig diskusjon.

Debatt med Kjersti

I den påfølgande debatten vart det rørt med mange tema og bodskapa frå Sunnfjord Ap sine medlemmar var tydelege. Situasjonen i Gaza krev vår fulle oppmerksomheit, og vi må vurdere ein full boikott. Mange unge slit med bustadlån, og bankane må ta større omsyn til folk sin situasjon. Forholda i helse, omsorg og skule må betre seg, og vi må synleggjere det vi har oppnådd i regjering på ein betre måte.

Vi må lytte til fagorganisasjonane og vurdere inntektssystemet grundig. Omstilling er naudsynt for å tilpasse oss ein stadig skiftande arbeidsmarknad. Det positive valet i gamle Sogn og Fjordane i 2023 gjev oss håp og må byggast vidare på.

Kjersti var langt på veg samd i dei fleste debattinnlegg og ga nokre frampeik. Kommunane må vere førebudde på omstilling, med meir ressursar til helse og omsorg. Vi strevar etter ein heilskapleg tilnærming med likeverdige tenester i heile landet. Dette krev førebuing og endring.

Samla sett står vi ovenfor store utfordringar, men vi ser også lyspunkt i framtida. Med samarbeid, innsats og ein positiv tilnærming kan vi forme ein betre morgondag for alle.

I tillegg vart det delt ut heidersteikn til medlemmer med lang fartstid og avtakking av medlemmer som har hatt verv i perioden. Det er alltid med djup respekt for den tid og energi folk har lagt ned i frivillig innsats for partiet ein gjev dei ei lita merksemd. Dei er ei viktig drivkraft i maskineriet som det demokratiske eksperimentet generelt er, og det sosialdemokratiske prosjekt spesielt er.

Blomer for teneste

Frå venstre: Henrik Nordal, Sveinung Søreide, Siv-Karin Hestad, Ivar Svensøy, Kari Daltveit, Kjersti Stenseng. 

I tillegg var det sjølvsagt handsama fråsegner, heile 27 i talet, som skal bli politikk både lokalt og sentralt. Bredda og omfanget av fråsegner viser at Sunnfjord Ap er eit særs aktivt og engasjert kommuneparti som ynskjer å ta grep om framtida. Fråsegna kan ein lese under. 

Stor takk til styret for innsatsen med å arrangere møtet, alle som møtte, og spela inn saker og fråsegn. Vi ser fram til eit særs godt og aktivt 2024

  1. Fråsegn: Fyrverkeri

Sunnfjord AP ynskjer at det vert organisert kommunalt fyrverkeri i Førde nyttårsafta. Det må samstundes vedtakast eit forbod mot privat oppskyting innanfor ei definert sone. Utskytingsplass kan vere Hafstadfjellet. Det kan også vurderast korvidt andre senter i kommunen skal ha organisert oppskyting.

Grunngjeving:

Med eit kommunalt fyrverkeri vil ein unngå skader som følge av ukontrollert privat oppskyting. Privat oppskyting tek for lite omsyn til dyrevelferd, og kan forårsake brann.

Forslagsstiller: Ove Farsund

  1. Fråsegn: Kontroll over straumpris

Kontroll over straumprisen vil avgjere valet i 2025. Sunnfjord AP vil at Norge tek tilbake statleg kontroll over omsetting av norskprodusert straum og utveksling av straum med andre land. For å sikre at kraftsystemet fungerer godt, og for at vi kan sikre straumprisar som på nytt blir et velferdsgode for folk og et konkurransefortrinn for norsk næringsliv. Vi meiner løysingane kan finnast innanfor EØS-avtalen, men det krev at Norge tek initativ til forhandlingar for å utnytte handlingsrommet i avtalen.

Grunngjeving:

Jørn Eggum i Fellesforbundet sa dette i talen til Buskerud SP 13.januar: " Politisk kontroll over strømprisen er den aller viktigste saken for mine medlemmer. " Han la til: " Prisen må baseres på produksjonskostnadene, ikke slik det børsdrevne markedet fungerer i dag, der prisen styres av høyeste budgiver i Europa. Strøm er en strategisk ressurs for industrien og en viktig ressurs for husholdningene, og den skal omsettes uten bidrag til finansielle spekulasjoner og storprofitt for kraftprodusentene." Her kjem Eggum med resepten for å vinne valet i 2025. Straum til ein føreseieleg pris som sikrar konkurransefordel saman med forsyningstryggleik, ny industrireising og klimamål må vere førande for måten det norske kraftsystemet vert organisert.   Oppsummeringa av kommunevalet viser også at den viktigaste tilbakemeldinga frå medlemene var straumprisen. Kontroll over straumprisen vil avgjere valet i 2025.

Forslagsstiller: Ove Farsund

  1. Fråsegn: Auke sjølvforsyningsgrada til 50%

Staten må oppfylle Hurdalsplattformen si målsetting om auke i sjølvforsyninga til 50%. Sunnfjord Arbeiderparti meiner dette må sikrast gjennom auka lønsemd i små-og mellomstore bruk, auka lønsemd i gras- og beitebasert jordbruk, som tek utgangspunkt i ressursane til kvart enkelt bruk, gjennom teigbaserte tilskot.  Meir areal skal i drift, då må grasareal bli meir lønsame å bruke i forhold til import av kraftfor. Høgre kraftforpris vil auke etterspørsel etter gras- og beitebaserte kjøtprodukt.

Grunngjeving:

Norge har utmarksressursar tilsvarande 900 mill. foreiningar. Idag vert under halvparten brukt. Prisen på kraftfor er den viktigaste mekanismen for å auke lønsemda for norske areal. Auka kraftforpris gjev meir bruk av marginale areal, høgre sjølforsyning og auka matkvalitet. Dette betyr også høgre produksjonskostnader, som må betalast i butikk, og høgre tollvern. I Sveits er kraftforandelen i mjølkeproduksjon ca 15% mot 45 % i Norge. Høgre kraftforpris vil auke etterspørsel etter beitebaserte kjøtprodukt, fordi dei vert relativt sett billegare enn dei kraftforbaserte produkta som t.d kylling og gris. Forbruksmønsteret vert såleis meir i pakt med ressursgrunnlaget. Så har også kraftforet en naturleg plass også hos beitedyra, slik at ein kan tenke seg en rabatt basert på det naturlege forbruket. t.d ved at mjølkeku får rabattert pris for kraftfor tilsvarande 15-20% av forforbruket.  Høgre kraftforpris vil også stimulere kornproduksjonen. Med høgre kornproduksjon vil husdyrhaldet flyttast til områder med beiteressursar, i tråd med god kanaliseringspolitikk.

Forslagsstiller: Ove Farsund

                            

  1. Fråsegn: E39 forbi Førde

Sunnfjord Arbeidarparti krev at  E39 forbi Førde vert med i kommande NTP og finansiert gjennom   statsbudsjettet for 2025

Grunngjeving:

I dag går E39 gjennom Førde sentrum. Vidare går E39   opp Halbrendslia  mot Bergen. Vegen opp Halbrendslia er smal, svingete, bratt og utsett for ulykker. E39 gjennom Førde i dag er ikkje verdig standard for ein europaveg. Det hastar å få på plass løyvingar for  opprustinga av E39 forbi Førde. Derfor må E39 og Hafstadfjelltunnelen inn i kommande NTP og finansiering må inn i statsbudsjettet for 2025.

Forslagsstiller: Håkon Myrvang

  1. Fråsegn: Rv5 Førde- Naustdal

Sunnfjord Arbeidarparti krev at skredsikring av Rv 5 mellom Naustdal og Førde får finansiering til vidare planlegging og at RV5 vert prioritert rassikringsprosjekt i kommande NTP.

Grunngjeving:

Rv5 er ein av dei mest rasutsatte vegstrekningane på rute 5C. (Oslo Lærdal Florø - Oslo Lærdal Bergen)

Skredvika mellom Naustdal og Erdal har skredfaktor 5,3.

Dette medfører at vegen forbi Skredvika ligg på sjuandeplass på Vestlandet. Tal viser og at steinnedfall og skredfrekvensen har auka dei seinare åra grunna klimaendring og nedbør.

Skredfaktor er nakne tal. Den uttrygge følelsen og påkjenninga folk sitter med når ein køyrer i rasområdet, den uttrygge følelsen dei som sitter heime og veit at nokon av sine nærmaste køyrer i rasområdet, kan ikkje målast i ein skala.

RV5 mellom Erdal og Naustdal har ferdig kommunedelplan. Det hastar å få skredsikra RV5 mellom Erdal og Naustdal, difor må finansiering på plass for å ferdigstille planane for ny tunnel.

Forslagsstiller: Håkon Myrvang

  1. Fråsegn: Fjern mva på brukte klede, utstyr og forbruksvarer 

Fjern mva på brukte klede, utstyr og forbruksvarer. Dette kan gjerast ved å innføre eit fritak etter mva-lova kapittel 6, noko som vil stimulere til meir sirkulærøkonomi. I tillegg bør ein fjerne uttaksmeirverdiavgift på slike varer for å fjerne den økonomiske ekstrakostnaden næringsdrivande får om ein vel å gi bort nye klede framfor å kaste dei.

Grunngjeving:

Sal av bruktbil er fritatt for meirverdiavgift etter mva-lova § 6-7. Dette gjer at bruktbilforhandlarar kan selje bruktbilar med same konkurransevilkår som privatpersonar. Slik burde det også vært på brukte klede, utstyr og forbruksvarer.

I dag må ein næringsdrivande som skal selje brukte klede anten ha mva på heile salet, eller bruke avansemetoden, som er ein svært tid- og dokumentasjonskrevjande metode for å leggje meirverdiavgift på fortenesta på salet. Dette bidreg til å redusere lønnsemda på sal av brukte klede. Ein tredje metode er å ta provisjon på sal av klede, men resultatet er det same: Det blir meirverdiavgift på handelen.

Innførar ein mva-fritak på brukte klede, utstyr og forbruksvarer etter mva-lova kapittel 6 vil det bli mva-fritt sal, og den næringsdrivande vil få mva-frådrag på innkjøp i forbindelse med reperasjon, som kan vere med på å stimulere til auka sirkulærøkonomi, og mindre avfall. Får ein i tillegg fjerna uttaksmeirverdiavgift på klede, utstyr, forbruksvarer og tekstilar, vil ein fjerne eit økonomisk hinder som til nå har gjort det mest økonomisk gunstig å kaste klede butikkar ikkje klarar å selje framfor å gi dei vekk.   

Forslagsstillarar: Andreas Jr. Stokka

  1. Fråsegn: Livsfasepolitikk 

Det må på utgreiast og komme på plass ein betre livsfasepolitikk som kjem foreldre til gode, som gjer det mogleg og motiverer til å få fleire barn i kombinasjon med deltaking i arbeidslivet.

Grunngjeving:

Å vere forelder er krevjande. Dagane handlar om å rekke følgje opp barn og arbeid, og å kombinere dette. Dess fleire born, dess i praksis færre timar i døgnet. Samtidig blir ting dyrare og dyrare og det blir vanskelegare å jobbe redusert i det som også er etablerarfasen. Økonomi kan vere èi årsak til at fleire barn ikkje er aktuelt. For mange handlar det gjerne også om at det blir for krevjande med fleire barn; ein ser at der ikkje er tid til å følgje opp verken dei eller jobb.

Etter ferielova har arbeidstakarar som fyller 60 år rett til ekstraferie, med dette følgjer det også feriepengar. Enkelte arbeidsgjevarar har i tillegg innført særskilte seniortiltak der ein for eksempel etter fylte 60 år kan arbeide 80 prosent med 100 prosent løn. For eksempel får tilsette i staten ekstra fridagar etter fylte 62 år. Arbeidsgjevar pliktar på grunn av alder å ta omsyn korleis arbeidet skal organiserast og tilretteleggast. Enkelte verksemder er fleksible når det gjeld arbeidstid og -stad, som til dømes bruk av heimekontor.

Det er eit paradoks at det kun er seniorar i arbeidslivet som er tilgodesett med livsfasepolitikk. Dette når fødselstala går ned, men samfunnet treng at du får fleire barn. Vi må finne måtar å gjere det mogeleg og meir attraktivt å få fleire barn.

Forslagsstillar: Sara-Marie Horsevik

  1. Fråsegn: Utbetalingstider av ytingar i NAV

NAV må få på plass ei ordning for utbetalingar av ytingar som sjukepengar, AAP (arbeidsavklaringspengar) og dagpengar, som gir økonomisk føreseielegheit til mottakarar av stønadane. Det må bli mogeleg å få utbetaling èin gong i månaden og til faste datoar. Behandlingstida på fastsetjing av yting ned til maksimalt ein månad.

Grunngjeving:

I dag blir Dagpengar og AAP utbetalt kvar 14. dag etter innsendt meldekort. Ein sjukmeldt kan få oppdelt sjukepengar i fleire utbetalingar per månad. Dagpengar og AAP betyr ein reduksjon av inntekt. Sjukepengar kan vere det same. Fleire stønadsmottakarar får det ekstra krevjande når utbetalingane kjem på ein slik måte at ein ikkje klarer større utgifter som bustadlån til faste datoar i månaden. Eller i tilfeller ved mottakar av sjukepengar ikkje veit kortid neste utbetaling kjem. Behandlingstida på fastsetjing av ytingar er lang og har ikkje særskilte fristar i dag. NAV ber i mange tilfelle arbeidsgjevarar om inntektsopplysningar, men har også verktøy for å finne inntekt sjølve.

Når ein har kome i ein situasjon der ein treng ytingar frå NAV er dette fordi ein har mista jobben eller har problem med helsa. Arbeids -og inntektsevna er redusert. Å få økonomiske bekymringar på toppen av dette fører ofte direkte til dårlegare helse, til uhelse. Det blir som følger vanskelegare å komme seg ut av situasjonen ein står i og ein får fleire utfordringar enn ein i utgangspunktet hadde. Mange må søke om supplerande økonomisk sosialhjelp som i seg sjølv er krevjande. Dette gir i tillegg eit press på den kommunale sosialtenesta; fleire utbetalingar som ein i mange tilfelle kunne unngått, ressursar til handsaming av søknadar eller økonomiske rådgjeving.   

Forslagsstillar: Sara-Marie Horsevik

  1. Fråsegn: Privatøkonomi på timeplanen

Privatøkonomi må få ein mykje større plass i læreplanen i grunnskulen og på vidaregåande. Framtidige vaksne må gå ut av skulen med ei brei forståing av korleis handtere eigen økonomi, noko som kan ha stor påverknad på psykisk helse, yrkesdeltaking og kan spare samfunnet for store ressursar.

Grunngjeving:

Høgt nivå av forbrukslån og kredittkortgjeld viser eit misforhold mellom forbruk og inntekt. Dette fører til økonomiske utfordringar som påverkar både låginntektsgrupper og dei med betre økonomisk utgangspunkt. Ei betre forståing av privatøkonomi kan bidra til å snu denne trenden og førebygge fattigdom som følgje av ukontrollert forbruk.

Økonomisk helse er tett knytt til psykisk velvære og arbeidslivsdeltaking. Å utvikle sunne økonomiske vanar er avgjerande, og skulen har ei viktig rolle i å formidle denne kunnskapen. Nyare forsking understrekar tett samanheng mellom økonomiske problem, auka sjukefråvær og prestasjonar i yrkeslivet.

Med meir fokus på privatøkonomi i skulen håpar vi å sjå ein reduksjon i økonomisk uføre, mindre sosial arv, mindre økonomisk stress, lågare sjukefråvær, og betre yrkesdeltaking og yrkesprestasjon. Kunnskap om privatøkonomi har stor overføringsverdi til arbeids- og næringslivet, og kan potensielt bidra til betre økonomiske avgjerder og vekst i næringslivet.

Forslagsstillarar: Andreas Jr. Stokka og Sara-Marie Horsevik

  1.  Fråsegn: Styrka beredskap for energi og telekommunikasjon.

Arbeidarpartiet må arbeide for styrka beredskap innan energiforsyning og telekommunikasjon. Beredskapen må omfatte auka batterikapasitet på sendarar i spreidtbygde område, og det må lagast strengare krav til vedlikehald av heile straumnettet. Lokal kunnskap, trygt vedlikehald og rask feilsøking må vektleggast.  Vaktordningar må også vurderast på nytt.

Grunngjeving:

Siste tida har vertilhøva sett beredskapen på prøve, det har vore sterk vind, kulde og mykje snø. I romjula 2023 vart straumen borte i fleire lange periodar i spreidtbygde område i Vestland. Når straumen er borte først i 13 timar og så i 22 timar, er det utfordringar for hushaldningane. Endå meir utfordrande er det for bøndene, som er avhengige av straum for mjølking m.m.  Etter ei tid uten straum fall også mobilnettet ut, så sjølv om ein hadde sørga for fullada mobiltelefon, var det då uråd å kommunisere med omverda. Dette medan snø, vind og kulde gjorde det ekstra krevjande å ta seg fram elles. Det synte seg at batterikapasiteten til sendarane var for låg i høve til kor lang tid det tok å få i gang straumforsyninga. For personar som sit i mørket og er utan telefonkontakt med omverda, er det ein utrygg situasjon. Dette må kommunane, fylka, energi- og nettselskapa ta på alvor, og snarast sette i gang arbeid med å forbetre.

Forslagsstiller: Laila Oppedal

              

  1. Fråsegn: Identitetsbygging

Arbeidarpartiet må arbeide for styrking av identitet og fellesskap bygd på sosialdemokratiske verdiar.

Det må lagast ein plan for identitetsbygging og fellesskap som tuftar på menneskeverd, demokrati, dialog, toleranse, likestilling og samhald. Til dette arbeidet må nyttast den beste kompetanse vi har innan psykologi, filosofi, m.m. Arbeidet må gjennomførast i heile organisasjonen.

Grunngjeving:

Arbeiderpartiet gjer mykje godt politisk arbeid no dei er i regjering, likevel har meinigsmålingane gått nedover. Vi ser at sosialdemokratiske parti får redusert tilslutning i den vestlege verda, medan ytterleggåande parti får auka oppslutning. Den teknologiske og digitale utviklinga har ført til nedgang i tal personar i yrke som bygger på manuell arbeidskraft, nye yrke kjem inn. Det er auka mobilitet både geografisk, mellom sosiale lag og mellom land og verdsdelar. I denne situasjonen treng vi sosialdemokratisk politikk meir enn nokon gong. Denne politikken må bygge på felles visjonar om eit sosialdemokratisk samfunn, der innbyggarane er med og formar politikk ut frå sosialdemokratisk identitet og fellesskap. Statsvitaren Francis Fukuyama seier det slik: «Identitet kan brukes til å splitte, men det kan og har også vært brukt til å integrere.» Den teknologiske og digitale utviklinga har gjeve oss nye utfordringar, men også nye mogelegheiter.

Forslagsstiller: Laila Oppedal

  1.  Fråsegn: Utvid tilgangen til Husbanklån for fleire

Revidere kriteria og grensene for å kvalifisere til lån i Husbanken, for å gjere det enklare for fleire å få tilgang til boligmarkedet. Dette inkluderer justering av inntektsgrenser, lånebeløp, bustadkrav og kommunens budsjett.

Grunngjeving:

I dagens boligmarked er det utfordrande for mange, særleg førstegangskjøparar og låginntektsfamiliar, å kome inn på boligmarkedet grunna strenge kriterium i Husbanken. Ved å justere inntektsgrenser og lånebeløp vil vi kunne tilby fleire muligheita til å eige sin eigen heim. Dette vil bidra til å fremje sosial mobilitet og økonomisk tryggleik. Ei endring i Husbanken sine retningslinjer kan også stimulere til større aktivitet i boligmarkedet, noko som er positivt for både individ og samfunn. Det er viktig å sikre at fleire har tilgang til stabile og trygge bustadforhold, noko som er grunnleggjande for livskvaliteten. Ved å utvide tilgangen til Husbanklån, kan vi ta eit steg mot eit meir inkluderande og rettferdig boligmarked. For å sikre at Sunnfjord kommune kan møte denne auka etterspurnaden uten økonomisk tap kan kommunen ta inntil 0,25 prosentpoeng i ekstra rente på startlån for å dekke administrative kostnader ved utlån. Ei slik endring vil ikkje berre styrke den økonomiske tryggleiken for individet, men også stimulere boligmarkedet lokalt. Det er essensielt at kommunale budsjett er tilpassa for å kunne støtte opp om denne utvida lånetilgangen, og slik bidra til eit meir inkluderande og rettferdig boligmarked i Sunnfjord kommune.

Forslagsstiller: Andreas Stokka og Laila Oppedal

  1. Fråsegn: Nasjonalt senter for yrkesfag

Regjeringen vil gjennomføre et kraftfullt løft for yrkesfagene. Et nasjonalt senter for yrkesfag er eit ledd i å nå disse målene

Sunnfjord Ap støttar Vestland Fylkeskommune i at et nasjonalt senter for yrkesfag vert lagt til Vestland Fylke  

Grunngjeving

Vi veit at Noreg kommer til å ha behov for 90.000 fagarbeidere innen 2035. Ei nasjonal satsing på yrkesfag er difor naudsynt for å styrke Noregs konkurransekraft og verdiskaping. Sunnfjord og omegn har ein sterk tradisjon for industri- og næringsutvikling, samt ei viktig rolle som eit sentrum for kunnskaps- og teknologiutvikling i regionen. I tillegg har Vestland fylkeskommune, Høgskulen i Vestland og næringslivet allereie eit samarbeid for å styrke yrkesfag på Campus Verftet i Førde. Campus verftet er eit felleslokale for å skape nye løysingar innan robotikk, automasjon, elkraft, bygg og helseteknologi.

Eit nasjonalt senter for yrkesfag vil kunne unytte   satsinga som allererie er gjort for å   bygge eit senter for yrkesfag for heile landet.

Forslagsstiller: Håkon Myrvang

  1. Fråsegn: Hev minstesatsen for obligatorisk tjenestepensjon (OTP), og fjern tilleggsinnskudd

Hev minstekravet til pensjonsavsetning i OTP-lova frå 2% til 3% for å betre pensjonsutbetalingane til arbeidstakarar i lavtlønnsyrker. Fjern høvet til tilleggsinnskudd i pensjonssparing for inntekt mellom 7,1-12G i samsvar med tjenestepensjonslova § 4-7.

Grunngjeving:

Arbeidsgjevarar er pålagde å setje av minst 2% av løna til pensjonskonto ifølge OTP-lova. Høgare lønna stillingar, ofte med tariffavtale, nyttar seg av høgare OTP-satsar (ofte mellom 4-6%). Dette skaper eit skilje i pensjonssparing mellom høg- og låglønnsyrker. Å heve minstesatsen vil minske dette gapet, sikre meir rettferdig pensjonsfordeling og større økonomisk tryggleik i alderdommen for lavtlønna arbeidstakarar.

Vidare tillèt tjenestepensjonslova § 4-7 tilleggsinnskudd i pensjonssparing for inntekt mellom 7,1-12G, noko som favoriserer høgare inntektsgrupper. Dette tilleggsinnskuddet bør fjernast for å fremje sosial likheit i pensjonssparing og fordele velferdsgodene meir rettferdig.

Forslagsstillarar: Andreas Jr. Stokka

  1. Fråsegn: Kommunale tomter og rimelege bustader for førstegangsetablerarar og studentbustader

Sunnfjord kommune må legge til rette for kommunale tomter og rimelege bustader for førstegangsetablerarar og studentbustader. Noko av tiltaka kan være å auke tilgang på tomter i sentrumsnære områder, forbetringar i handsaminga av byggesaker for å kutte ned på ventetid og avslag, auka bruk av Husbanken, vurdere leige til eige-ordningar, samt etablering av nye bustadfelt spesielt retta mot barnefamiliar.

Grunngjeving:

Som grunnlag for tiltaka vises det til at Førde har høgare bustadprisar samanlikna med liknande byar. Dette skyldast delvis mangelen på tilgjengelege tomter i sentrale områder, der tomteprisane har nådd opp mot 3 millionar kroner før opparbeidingskostnader. Ein auke i tomteutbodet vil kunne føre til lågare tomteprisar og dermed påverke bustadprisane positivt.

Norges bank har uttalt at bustadmarknaden er ein hovudveg til økonomisk velferd, og peikar på at den kraftige bustadprisveksten bidrar til auka forskjellar i samfunnet. Med ein inflasjonsjustert bustadprisvekst i Noreg på 250% over dei siste 30 åra har det i moderne tid aldri vore vanskelegare å komme seg inn på bustadmarknaden. Dette har bidratt til at Noreg er det landet i verda med den høgaste gjeldsraten i forhold til inntekt i verda, då 80% av gjelda er bustadlån.

Tiltak for å redusere bustadprisveksten vil ikkje berre lette tilgangen til bustadmarknaden og utjamne sosiale forskjellar, men også redusere den samla gjeldsbelastninga og forbetre det økonomiske handlingsrommet for innbyggjarane i Noreg.

Forslagsstillarar: Sara-Marie Horsevik og Andreas Jr. Stokka

  1. Fråsegn: Kontroll med HC parkering og parkeringsplassar i Sunnfjord

Sunnfjord Arbeiderparti sitt årsmøte forstår situasjonen for parkering til personar med nedsatt funksjonsevne på HC plassar i Sunnfjord og at plassane ikkje er etter forskriftene og vil derfor sette denne saka på dagsorden med vurdering for etablerering av lokal «parkerings og plass kontroll» i Sunnfjord i 2024.

Grunngjeving:

Over år har dette vært svært beklagelege forhold for oss som har lovlege behov for HC parkering. No før jul var mellom anna, ved Coop Ekstra på Vie, alle plassane opptatt av bilar uten parkeringskort. Dette   er ikkje noke kjekt for oss med nedsatt funksjonevne. Det same registrerer eg ved Førde Torg spesielt no før jul og i romjula. Det er kanskje på tide å innføre parkeringskontroll i byen? Og kontroll om plassane er etablert etter forskriftene med hensyn til størrelse, tal plassar og plassering og skilting. Situasjonen gjentar seg i neste runde  ved neste høgtid og helg. Vi har jo ingen rettigheter når det gjelder HC parkering.   Eg ber derfor no om at Sunnfjord Arbeiderparti set dette på dagsorden i 2024.

Forslagsstiller: Knut Johansen

  1. Fråsegn: Små Modulære Reaktor – kraftverk

For at både næringsliv og private husholdningar i framtida skal ha ei sikker energiforsyning, oppfordar Sunnfjord Ap at myndigheitene no gjer det dei kan, for å kunne ta i bruk SMR kraftverk her i landet.

Grunngjeving:

Ved omlegging til eit meir miljøvenleg energibruk, treng Noreg ein stabil og forutsigbar energiforsyning.  På Kjeller har det frå 1951 og i Halden frå 1958 og fram til 2019, vore forska på kjerneteknologi.   På denne tida har Institutt for energiteknikk (IFE) drifta 4 forskningreaktorar.  Dette tilseier at vi her i landet har god kompetanse innanfor kjernekraft.  Vi har også store førekomstar av Thorium her i landet, som kan brukast til t.d. kjernekraftverk.  Ved å bygge små SMR  (små modulære reaktorer, som er bygd på salstmelteteknologi, og som er mykje sikrare enn konvensjonelle reaktorar) der det er behov for mykje energi, vil ein også unngå å bygge store nye kraftlinjer.   Dette vil igjen føre til at ferre nye linjer må byggjast, og dermed slepp ein ytterlegare auking av nettleiga.  Vi vil også då unngå å bygge ned den norske naturen med store naturinngrep.

Forslagsstiller: Arild Horsevik

  1. Fråsegn: Kjell Opseth, må heidrast i sin eigen kommune

Kjell Opseth må få sin plass i Førde by i Sunnfjord kommune. Plassen framfor Sunnfjord Rådhus må bli kalla: «Kjell Opseth plass». På denne plassen må det seinare kome ei statue av Statsråd Kjell Opseth.

Grunngjeving:

Kjell Opseth var fødd på ein tidlegare husmannsplass «Oppå berget» i Førde. Han utdanna seg til elektrikar og etter teknisk fagskule kunne han kalle seg ingeniør. Både faren og bestefaren til Kjell var solide sosialdemokratar. Kjell vart ein samfunnsbyggar gjennom Arbeidarpartiet.

Han var leiar i Førd AP, leiar av Sogn og Fjordane AP, og medlem av AP sitt landsstyre.

I Førde formannskap sat han i 16 år. I 1981 vart han vald inn på Stortinget, der han sat i 5 periodar. Han var statsråd i to regjeringar i rundt 7 år. Først som samferdsleminister, og seinare som Kommunal- og arbeidsminister. Han skulle bli ein av dei mest markante og handlekraftige statsrådar i Samferdsledepartementet etter krigen.

Dei to største bragdene han stod for, var då han landa utbygging av hovudflyplassen på Gardermoen (som då hadde overlevd 13 samferdsleministerar) og ny stamveg Oslo-Bergen via Fillefjell og fekk bygd Lærdaltunnelen på 24 km.

I tillegg er her mange større og mindre prosjekt som vart realisert i Kjell si statsrådtid.

Kjell Opseth var fødd 2. januar 1936 og døydde 3. desember 2017.

Forslagsstiller: Odd Skrede.

  1. Fråsegn: Straumprisar 

Slik straumprisen no er i Noreg er ikkje på nokon måte bærekraftig for det norske samfunn.  Det bør derfor innførast ei ny form for prisfastsetting, der gamal regulerbar kraft får ein minstepris og ny uregulerbar får ei avgift som skal gå til generell reduksjon av kraftprisen.

Grunngjeving:

Straum for oss her i Noreg, er nesten like viktig som medisin.  Då er det feil at denne vara skal auksjonerast og overbyast ved hjelp av datamaskiner som er innprogramerte ved hjelp av lagaritme.  Vi kan stille spørsmål om «spotpris» no er riktig å bruke om kraftprisen.  Det er   på tide at Regjering og styresmakter utformar reglar for kva vi (også næringsliv) her i landet skal betale for denne viktige vara.  

Forslagsstillar: Arild Horsevik

  1. Fråsegn: Eigenandel ved akutthjelp

Sunnfjord Arbeidarparti vil  at ein skal ta vekk eigenandel ved undersøking av kommunal lege i ein akuttsituasjon der den kommunale legen rykker ut som ein del av naudhjelp etatane.

Grunngjeving:

I dag er det slik at viss ein er i ein akuttsituasjon som for eksempel brann, ulykke osv så vil 110, 112 eller 113 sende ut ei varsling av alle nødvendige etatar. Dette inkludere blant anna brannvesen, politi, ambulanse og kommunal legevakt der alle so får alarm vanlegvis rykker ut. På ulykkesstaden vil alle som var involver som regel bli undersøkt og dimittert eller frakta til sjukehus eller legevakt. Den undersøkinga blir gjort av helsepersonell på staden. Og skulle ein bli undersøkt av ein kommunal lege vil ein få ei rekning på eigenandel. Viss den som undersøker ein er luftambulanse lege, ambulansearbeidar, sjukepleiar vil ein ikkje betale eigenandel. Dette er ei undersøking som ein som regel ikkje har bedt om sjølv, men likevel nødvendig. Ei slik undersøking tar kanskje ikkje meir enn 3-4 minutt.

Forslagsstiller: Magnar Skorven

  1. Fråsegn: Musikkterapi i Sunnfjord kommune

Sunnfjord Arbeidarparti vil at ein i Sunnfjord kommune skal tilby sine innbyggarar musikkterapi som helsehjelp.

Grunngjeving:

Forsking viser at det kan tyde på at personar som har utvikla demens, autisme, parkinson og ein del andre tilfelle vil ha nytte av musikkterapi. Når det gjeld demens er det ting som tydar på at musikkterapi vil kunne bremse utviklinga og i enkelte tilfelle stoppe den. Dette er  noko  ein blant anna såg i NRK serien Demenskoret.

Forslagsstiller: Magnar Skorven

  1. Fråsegn: Gjenbruk av plast

Vi har hatt plastinnsamling her i Sunnfjord i ca. 5 år. ca. 14 tonn i løpet av januar 2018 og dette er veldig positivt. Det som eg meinar ikkje er så positivt er at først vert plasten transport til Oslo, for der etter vidare sendt til Tyskland for gjenvinning. Kva med all Co2 utslepp og kostnader som transporten frå Norge til Tyskland inneber. FN kom med eit innspel for ei tid sidan, at plast var ei av dei største forureiningskilder inn i framtida.

Grunngjeving:

Har vi ikkje teknologi her i Norge til å gjenvinne plasten, så må vi skaffe oss denne teknologien og få berekraftig og miljøvennleg industri av dette. Sunnfjord kommune må  få etablert eit næringsbygg der ein kan ta hand om all plasten på Vestlandet, ja heile Norge, til gjenvinning og ny produksjon i staden for å sende innsamla plast til Tyskland. Legg anlegget ved sjøen, så kan ein transportere plasten med elektriske ferger, rett til produksjonsanlegget, utan nokon mellomtransport.

Sunnfjord kommune ligg ikkje midt i kongerike Norge, men den ligg langt meir sentralt i nasjonal samanheng, enn til dømes Oslo, som er ein utkant av Norge. Er det ikkje nye arbeidsplassar ein er ute etter. Utflytting av offentlege arbeidsplassar frå Oslo til distrikta, som vart lova av ei Regjeringa i si tid, vart ikkje så mykje av.

Sunnfjord Miljøverk (SUM) er på jakt etter nytt areal. Ja, når ein les faktaboksen i Firda av 26 februar, då ser ein kva utfordringar framtidig avfallsanlegg har. Plastgjenvinning må sjåast i ein nasjonal samanheng med eit nasjonalt plastgjenvinnigsanlegg lagt til SUM. Sunnfjord kommune må ta initiativ til etablering av plastgjenvinnigsanlegg, ei bedrift som vil ha behov for både  kompetansearbeidsplassar og arbeidsplassar med ulik fagutdanning.

Forslagsstiller: Odd Skrede

  1. Fråsegn: Utgrei og iverksette tiltak for å redusere veksten i bustadprisar i heile landet

Arbeidarpartiet bør utgreie korleis ein kan redusere bustadprisveksten i Noreg for å utjamne sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden. Utgreiinga bør vurdere tiltak på både statleg og kommunalt nivå, som endringar i planleggingsprosessar, lovverk, byråkratiske forenklingar i byggeprosessen, forenklingar i Byggteknisk forskrift (TEK17), samarbeid med utbyggjarar, skattar og avgifter som reduserer attraktiviteten av å eige fleire bustader og bruk av Husbanken.

Grunngjeving:

Norges bank har uttalt at bustadmarknaden er ein hovudveg til økonomisk velferd, og peikar på at den kraftige bustadprisveksten bidrar til auka forskjellar i samfunnet. Med ein inflasjonsjustert bustadprisvekst i Noreg på 250% over dei siste 30 åra har det i moderne tid aldri vore vanskelegare å komme seg inn på bustadmarknaden. Dette har bidratt til at Noreg er det landet i verda med den høgaste gjeldsraten i forhold til inntekt i verda, då 80% av gjelda er bustadlån.

Tiltak for å redusere bustadprisveksten vil ikkje berre lette tilgangen til bustadmarknaden og utjamne sosiale forskjellar, men også redusere den samla gjeldsbelastninga og forbetre det økonomiske handlingsrommet for innbyggjarane i Noreg.

Forslagsstillarar: Sara-Marie Horsevik og Andreas Jr. Stokka

  1.  Vest-Sahara må bli fri

Begrunnelse:

Siden 1975 har Vest-Sahara vært under marokkansk okkupasjon. Landet omtales ofte som Afrikas siste koloni. Nær halvparten av det saharawiske folk bor i flyktningleirer i Algerie, den andre halvdelen som bor i Vest-Sahara utsettes daglig for grove brudd på menneskerettighetene. FN sine fredsbevarende styrker i landet, har ikke lov til å dokumentere menneskerettighetsbrudd i henhold til mandatet de er gitt. Ethvert forsøk fra FN på å legge press på Marokko, har blitt blokkert av Frankrike i sikkerhetsrådet. Siden 2007 har norske myndigheter frarådet norske selskaper i å drive handel eller annen næringsvirksomhet. Flere selskaper har imidlertid valgt å se bort ifra denne frarådingen.

Forslag til vedtak:

  • Se på muligheten for å forby norske selskaper fra å drive handel eller annen næringsvirksomhet i Vest-Sahara
  • Legge økt press på Frankrike som i sikkerhetsrådet aktivt bidrar til å opprettholde Marokko sin folkerettsstridige okkupasjon av Vest-Sahara
  • Jobbe for å FN-styrken MINURSO kan rapportere om menneskerettighetsbrudd i Vest-Sahara
  • Norge må så snart som mulig anerkjenne Vest-Sahara som en selvstendig stat

Forslagsstillarar: Internasjonalt utval Vestland Arbeidarparti 

  1. Folkemordet på Gaza må opphøre

Begrunnelse:

Siden Hamas sitt terrorangrep på Israel 7.oktober 2023, har verden vært vitne til en brutalitet som mangler sidestykke i den lange konflikten mellom Israel og Palestina. Nærmere 30 000 palestinere er drept, over 7000 av disse er barn. Israel hindrer også tilførsel av vann, mat og medisiner til befolkningen på Gaza, noe som fører til ytterligere lidelser blant sivilbefolkningen. I krig er det de svakeste blant oss som betaler den høyeste prisen. Arbeiderpartiet må derfor jobbe for å fornye og forsterke barns rettigheter i krig. Nylig åpnet FN-domstolen (ICJ) for å behandle folkemordsaken som Sør-Afrika løftet mot Israel. Norge må bidra til at en eventuell dom får klare konsekvenser for Israel.

Forslag til vedtak:

  • Norge må øke sin støtte til UNRWA sitt humanitære arbeid i Gaza
  • Oljefondet må selge seg ut av samtlige Israelske selskaper
  • Norge må bruke sitt eierskap aktivt for å hindre norske selskaper fra å gjøre investeringer som bidrar til å opprettholde Israels okkupasjon.  
  • Norge må aktivt jobbe for å stoppe Israels blokade av vann, mat og medisiner inn til Gaza
  • Legge økt press på allierte som ikke har vært like tydelig som Norge i sin fordømmelse av Israels krigføring i Gaza.
  • Holde fast på målet om en tostatsløsning
  • Norge må jobber internasjonalt styrke verdenssamfunnets forpliktelser til å beskytte barns rettigheter i krig

Forslagsstillarar: Internasjonalt utval Vestland Arbeidarparti 

  1.  Nord-Korea og atomvåpen

Arbeiderpartiet støtter partiets målsetting om atomvåpennedrustning og styrking av arbeidet med ikkespredningsavtalen NTP. Den pågående krigen i Ukraina har vist at atomvåpen fremdeles aktivt brukes som trussel.

Nord-Korea er et av landene som har et pågående arbeid med å utvikle atomvåpen, så langt for å true sine naboland og ikke minst USA. De har også utviklet en stor våpenindustri som går på bekostning av en befolkning som er undertrykt, isolert og utsatt for hyppige sultkatastrofer. Landet har bidratt sterkt til å destabilisere regionen sin, spesielt mot Sør-Korea og Japan.

Så langt har Kina vært Nord-Korea sin største og til dels eneste støttespiller. Vi ser nå at Russland har inngått samarbeid med landet, i bytte mot våpen og ammunisjon som blir brukt i krigen mot Ukraina. Det utrolige er at Nord-Korea langt på vei ser på Europa og Ukraina som et testområde for Nord-Koreanske våpen og granater. Vi ser altså at ikke-demokratiske land samler seg i kampen mot den frie verden, og at vestlige systemer blir forsøkt undergravd.

Vi må hegne om vårt demokrati og styresett. Det er en kontinuerlig kamp som må vinnes hver dag. I Ukraina ser vi konsekvensene hvis totalitære styresett prøver å vinne fram. En av konsekvensene er trussel om bruk av atomvåpen og hvem som har den største "røde knappen".

Forslagsstillarar: Internasjonalt utval Vestland Arbeidarparti 

  1. Full boikott av Israel no. 

Noreg må sette i gang full boikott av Israel snarast, og arbeide for at fleire land gjer det same. Det må vere stans i alt våpensalg til Israel. Hjelpearbeidet i Gaza må intensiverast.

Grunngjeving:

Boikott er ein tradisjonell reaksjon mot krigføring. Dei vestlege landa var snare å boikotte Russland for deira krigføring mot Ukraina. Like innlysande må det vere å boikotte Israel for deira krigføring i Gaza. Det vert sagt at Israel må kunne forsvare seg etter det palestinske åtaket den 7. oktober. Israel si krigføring mot Gaza har langt overskride ein forholdsmessig hemnaksjon. Sidan krigføringa starta er over 22000 palestinarar drepne, mange av dei born, og mellom 50 og 61 % av bygningsmassane i krigsområdet er øydelagde. (Tal den 31.01.24.) Vi ser og at krigføringa fører til meir sinne og aggresjon mot USA, krigen kan fort eskalere og komme ut av kontroll.

Den internasjonale domstolen i Haag avgjorde den 26.01.24 at den vil opne folkemordsak mot Israel. Kva ventar vi på?

Forslagsstillarar: Laila Oppedal